Jeanne d´Arc // Juni Dahr

Arrangementsdato

søndag 12 sep 2021 19:00

Slutter søndag 12 sep 2021 20:00
Kalenderlementet vil tilpasses din tidssone

Tilgjengelige varer

Fullpris vaksen
born og unge opp til 20 år
Vaksen m/ festivalpass

Arrangementsinformasjon

-  Sterk framsyning om legenda Jeanne d`Arc !


Framsyninga «Jeanne d’Arc», av og med skodespelar Juni Dahr, hadde urpremiere på The Wall and Boyd Theater Los Angeles i 1988, og har sidan blitt spelt i meir enn førti land til eineståande kritikkar. I norsk teatersamanheng har denne framsyninga legendestatus, på same måte som hovudpersonen har det i den katolske verda.

Det handlar om Jeanne d´Arc, ei ungjente som levde i Frankrike tidleg på 1400-talet. Ho kunne ikkje lese eller skrive, men då ho var tolv fekk ho ei stor, religiøs openberring. Jeanne d´Arc rakk å bli ein stor hærførar, før ho vart brent på bålet som heks og kjettar.. 

Vi er utruleg glade for å kunne presentere denne framsyninga i Dale Kyrkje søndag kveld. Framsyninga vart i si tid skrive på engelsk, før ho vart gjendikta til nynorsk av Halldis Moren Vesaas.


Av og med: Juni Dahr. Musikar på scena: Chris Poole.

Restriksjoner

Vi føl gjeldande smittevernsreglar.

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler