Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Ein plass, ein stad, eit ingenting, eit asyl. Ei livline, eit fangenskap. Skiljet er viska ut. Vi møter ei kvinne frå ei anna tid, og ein mann som er levande død. Ein bror som er borte. Ein kunstnar utan kunst. Eit kor av døde, av levd liv, larm og lengslar. Kor finn ein lys når natta krinsar heile jorda inn?
Asylet ved verdens ende er skrive av fem forfattarar med vidt ulike kunstnarskap og erfaringar. I halvanna år har dei arbeidd med ønskje om å skape eit verk der røyndomen ikkje tilhøyrer éin, men mange. Ein stad der språk møter mot-språk. Der tekstar som spring ut av kollisjonar og fleirstemmigheit høyrer like naturleg heime som tekstar bygd på gjenkjenning og delte røynsler.
Verket er regissert av Annika Silkebergog hadde urpremiere på Cornerteateret under Festspillene i år. På scena står aktørar frå Noreg, Sverige og Danmark.
"Verdas ende kan vere kvar som helst, og det er vel nett der vi er i dette stykket. (…) Det verkar som om alle er like, og alle er ingen. Men så skjer ting som bryt mønsteret – «ulovleg» kjærleik eller begjær og tendensar til opprør. I dette ligg eit glimt av lys, av von om noko betre og annleis. Dei fem medverkande – ei nordisk blanding, det òg – leverer framifrå innsats."
Jan Landro, Dag og Tid
"Dei fem skodespelarane syner kunstnarisk kraft på kvar sitt vis.
Framsyninga er eit vitnemål om arbeidet til eit tekstkollektiv, og det skodespelarar, regissør og andre aktørar har fått ut av tekstane. Her finst friksjon på golvet, skinande poesi, plutselege innsikter, akutt glede over smart og verknadsfull lysdesign – det er sprei, uplassérbar begeistring og forvirring i eit hav av ein annan sin prosess."
Ingvild Bræin, Bergens Tidende
Framsyninga varar 1,5 time
Kunstnarleg team:
Tekst:Kollektiv Norden // Tale Næss (Headwriter), Jonas Eika, Fatemeh Ekhtesari, Timimie Gassko Märak, Henning Bergsvåg
Omsetjing:Tale Næss, Jonas Eika, Annika Silkeberg og Henning Bergsvåg
Regi/kostyme/rekvisittar:Annika Silkeberg
Scenografi/lys:Jens Sethzman
Musikk/video:Fredrik Arsæus Nauckhoff
Dramaturg/prosjektleiar:Idun Vik
Skodespelarar:
Nosizwe Baqwa (NO), Malik Grosos (DK), Bahareh Razekh (SE/IR), Stine Robin Eskildsen (NO), Bjørn Willberg Andersen (NO)
Produsert av:Cornerstone
I samarbeid med:Festspillene i Bergen & Den Nationale Scene
Støttet av:Norsk kulturråd, Nordisk kulturkontakt, Nordisk kulturfond, Bergen kommune, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere
Takk til:Ylva Larsson, Geir Hovland, Sander Schipper, Solrun Toft Iversen, Ingvild Bjørnson, Jan Holden, Thomas Hocking, Kunsthuset Wrap, Cornerteateret, Kim Fjeld m.fl.