Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Tradisjonen tro inviterer vi til storstilt bygdefest laurdagskvelden*. Kvelden vert fylt av musikalske opplevingar, overraskingar og god mat frå bilar, boder og telt. Frå scena spelar folkemusikklaget Havbrusen opp, før bålet tennast og det vert dans utover kvelden med Dragongirl. Og innimellom har vi fleire overrakingar på lur! Dette vert ein kombo av tradisjonell bygdefest og velprodusert stadion-festival og alle er velkomne!
Området opner kl. 20 00, matservering fram til konsertstart rundt kl. 22.30.Medverkande: Dragongirl, lokale musikarar, Havbrusen, Dekor m.fl. Ungdom under 18 er velkomne i følge med vaksne.
*Arrangementet er ein vidareføring av frivilligfesten, med ynskje om å opne festivalen for fleire. Som i fjor vil frivillige som arbeider på festivalen og medverkande artistar få fri inngang på arrangementet, medan andre kan kjøpe billett.