TUPILAK (GM) // Indra Lorentzen og Varste Mathæussen

- Sterk og visuell framsyning om partnarvald frå ein av Grønlands store formidlarar.

page view image
Event date

Thursday 11 Sep 2025 18:00

Ends Thursday 11 Sep 2025 19:00
order

Available items

ticket item
Fullpris, vaksen
ticket item
Billett med festivalpass
event image

Event information

Ein gong tidleg på 60-talet fekk skodespelar Varste Mathæussen høyre om ei kvinne som vart angrepet og rive i sund av ein isbjørn. Historia har aldri sleppt taket i ho, og ei trong til å fortjelje den frå scena vaks fram. Kva hendte eigentleg med kvinna ? Var det noko med ein Tupilak ? 


Dette er utgangspunkt for ein scenisk og musikalsk forteljing med ein av Grøndlands fremste formidlarar, i samarbeid med den anerkjente norske koreografen Indra Lorentzen.  I formspråket står det fysiske og visuelle uttrykket sentralt. Tema er kjærleik og relasjonar som vert forgifta av  kontroll, sjalusi og hemn, og samstundes handlar det om lyset og kraften som bur i eit menneske. Framsyninga har si grønlandske drakt og er sterkt kopla til den mytologiske verda frå Grønlandsk kultur, men denne tematikken finnast i alle samfunn. 


“En rå fortælling om partnerkontrol, overlevelse og frigørelse (...) Varste er en suveræn fortæller og performer i Indra Lorentzens billedskabende koreografi, med musik af Bjørn Klakegg. “

(Julie Wieth, skodespelar, regissør, casting director.)


Initiativ, idéutvikling, skodespelar: Vaerste Mathæussen. Regi, koreografi, idéutvikling, tekst: Indra Lorentzen. Musikk: Bjørn Klakegg. Kostyme: Lisbeth Frey.  Framsyninga hadde premiere i Marieham på Åland i 2023 og vart spelt i Nuuk på Grønland i februar 2025.

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler