page view image

SCENEKUNSTLANDSKAPET KRING DEI NORDISKE HAV

-Fagseminar om scenekunstlandskapet i Norden.

Information
event image

Vi har invitert leiarar på teaterinstitusjonar og festivalar frå Grønland, Færøyene, Island og Noreg til ei felles kartlegging av scenekunstlandsskapet. Korleis er feltet organisert i dei ulike landa, kva rører seg, kva rører seg ikkje, kor er vi på veg? Kva utfordringar og moglegheiter har vi felles, kva er ulikt? Og kva ser vi i krystallkula? 


Del 1: "Coastal Theatre, Dialogic Spaces and The North Atlantic Arc" 

Innleiing ved Knut Ove Artnzen, professor emeritus i teatervitenskap frå UiB. 


Del 2:

Panelsamtale om samanhengar i scenekunstlandskapet kring dei nordiske hav i dag 

Deltakande samtaleleiar: Susanne Andreassen:frå Nordisk institutt på Grønnland.

Gunn Hernes, frå Nordens Hus på Færøyene

Birnir Jón Sigurðsson, teaterregissør frå Island

Harald Thompson Rosenstrøm, teatersjef på Tjopdlur / nasjonalteatret, Færøyene

Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie frå Teaterfestivalen i Fjaler, Norge