Språk
Hjälp
© TicketCo AS 2024.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
KORN av Tiril Pharo er ei storlslått forteljing, som vert spelt i dei nydelege omgjevnadene i Fossevikja i Dalsfjorden. Det handlar om kjærleik til menneske og natur, og om fridom til å velje det livet ein vil leve. Hovudpersonen er odelsjenta og arkeologen Liv. Når faren hennar dør midt i skuronna, står ho ovanfor eit val: Skal ho ta over familiegården, eller skal ho selje og halde fram livet i byen? Før ho får tatt valet, møter ho sanker-jeger-mannen Ask.
Under framsyinga får publikum kvart sitt headset. Gjennom dei høyrast stemmar frå fortid og notid, saman med lydar frå traktordur, sauebrek og kornaks i vinden. Handlinga utspelar seg rundt dei, medan dei vandrar rundt i kulturlandskapet.
Korn er jubel for bonden, jorda og jordbakteriane. Kven er det som jobbar for brødskiva di? Kor kjem kornet frå? Ta på gummistøvlane, gå i landskapet, kjenn på kornet og bli skitten på fingrane! Bli med i det store dramaet om vårt daglege brød.
KORN er skapt av bonde og teaterregissør Tiril Pharo, og er produsert på Åsheim Gård i Spydeberg.
Medverkende: Konsept, scenetekst og regi: Tiril Pharo | Skodespelarar: Tiril Pharo, Marie Longva Danielsen, Kadir Talabani og Sebastian Warholm | Co-regi: Kornelia Melsæter | Lyddesign: Andreas Lyngstad | Dramaturg: Lene Therese Teigen | Koreograf: Sigrid Edvardsson | Teknisk koordinator: Kristoffer Nicolaysen | Produsent: Ingrid Saltvik Faanes/Syv mil AS. Prosjektet er støtta av Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Østfold fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, Scenekunstbruket, Dramatikkens hus og Bergesenstiftelsen. I samarbeid med Østfold Internasjonale Teater og Teaterfestivalen i Fjaler. Foto: Kristin Aafløy Opdan
Varighet: ca 90 min
Oppmøte: 15 min før framsyninga startar