page view image

RADIO FJALER: Om mennesket i det totalitære

Livesending frå Samvirket; Arild Linneberg i samtale med nokre av skaparane bak THE PEOPLE OF THE EARTH, EPP og BLODKLUBB.

Information
event image

Med Pushwagner sitt illustrasjonsfoto frå Axel Jensen sin dystopiske sci-fi-roman "EPP" (1966), inviterer vi til ein samtale om mennesket i møte med totalitære statar og system. 

I“Epp” er hovudpersonen ein pensjonist som i stor grad kjemper for å holde seg ukritisk lukkeleg, og forsvarer bombetokter utført av førarlause drapsroboter. I "People of the Earth" møter vi ei ung kvinne som må flykte frå diktuaturet i Chile på 80-talet, medan Blodklubb drøfter undertrykking og fridom, og det å vere sin eigen nasjon i ein stat.

Vi har invitert skaparane av desse framsyingane til ei samtale med litteraturprofessor Arild Linneberg. Han har vore med å omsetje Hannah Arendt sin bok "Om totalitarismens opprinnelse" og hennar essay "Om friheten". 

Med utgangspunkt i festivaltemaet FRIDOM, spør vi: Hva får oss til å innordne oss, eller til å gjere motstand? Kva konsekvensar kan det få?

I panelet: Tormod Lindgren (regissør, Epp), Angy Avenado (skapar av "People of the earth") og Sigmund Skaaden frå Blodklubb. Samtalen vert leia av Arild Linneberg.

Varighet: 45 min