KOM BARA INN, EG SKAL IKKI GRATA (FO) /Jógvan Andrias Joensen
Sterkt og personleg sjølportrett frå eit sjukehusborn.

’Kom bara inn, eg skal ikki gráta’ er ein personleg monolog, som tek oss tilbake til 1960- åra, ein tid med lite helsefagleg kompetanse på Færøyane - og to tiår før det vart opretta eit helsedepartement. Born og unge med fysiske eller psykiske utfordringar, vart sendt som pasienter til Danmark. På denne tida vert ein liten gutt med Calve Perthes, ein sjukdom i hofteledda, sendt til Danmark, der harn vert liggande aleine i ei seng i 2,5 år. Han forsår ikkje språket dei vaksne snakkar, og dei forstår ikkje han. Når foreldra kjem for å hente han, kjenner han dei ikkje.
’Kom bara inn, eg skal ikki gráta’ er ein musikalsk monolog og sterkt eit sjølvportrett av Jógvan Andrias Joensen. Med seg på scena har han musikar Edvard Nyholm Debess. ’Kom bara inn, eg skal ikki gráta’ er eit forsøk å gi ansikt til den ofte utolelege stillheten som kjem etter hendingar som set djupe spor.
Tekst og framføring: Jógvan Andrias Joensen, Musikk, arrangering og framføring: Edvard Nyholm Debess.