DET VAR EN GANG NE FJORD // Dokumentarkortfilm
-Prisvinannde kortfilm om Vevring og Førdefjorden
Striden om deponering av gruveavfall i Førdefjorden er godt kjend, og er ei av det tjueførste hundreårets største norske miljøsaker. Gruveselskapet Nordic Mining planlegg oppstart av produksjon i Engebøfjellet. Dei skal deponere gruveavfall i Førdefjorden. Dette gjer innbyggjarane i Vevring redde for framtida til fjorden og bygda.
I filmen møter vi Vilde og Geir, og vi får høyre om korleis denne saka påverkar liva deira. Vi får eit innblikk i tankane og kjenslene deira rundt industriprosjektet som vil øydeleggje den økologiske balansen i fjorden og frata fleire av dei næringsgrunnlaget.
Filmen vant publikumsprisen på Amandusfestivalen, og vart nominert til beste kortdokumentar på Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) då den kom ut i 2024.
Medverkande: Regi: Frid Hildridatter Brox ,Produsent: Kamilla Berntsen (Høgskulen i Innlandet / TV-skulen i Lillehammer), Foto og klipp: Are Botnevik,Musikk: Olai Førsund