page view image

COLLABORATIVE CONTAMINATIONS // Rósa Ómarsdóttir

Nordlys, kokande terreng og ville galaksar frå islandsk stjernekoreograf!

Information
event image

 

Korleis vert vatn endra gjennom ulike former for forureining? I Collaborative Conataminations utforskar den islandske koreografen Rósa Ómarsdóttir eit landskap av vatn, luft, lyd og pigment. Reint vatn blir forureina og forvandlar seg til urovekkjande og magiske landskap. Bilete av celleliknande mikrokosmos, nordlys, kokande terreng og ville galaksar veks fram og blir koreograferte saman med levande lydlandskap skapte av vatn og is. Collaborative Contaminations er både ei framsyning og ein interaktiv installasjon. 

Rósa Ómarsdóttir er ein anerkjent islandsk dansar og koreograf busett i Brussel. Ho studerte ved Kunstuniversitetet på Island og P.A.R.T.S. i Brussel. I si kunstnarlege praksis utforskar ho møte mellom menneskelege og ikkje-menneskelege aktørar, og søkjer etter forteljingar som ikkje set mennesket i sentrum. Den pågåande forskinga hennar handlar om å finne fram til eit økosystem av menneske, objekt og usynlege krefter, og er ei undersøkjing av maktforholda som oppstår i desse møta. Meir om Rósa her: https://www.rosaomarsdottir.com/about

Konsept, koreografi og framføring: Rósa Ómarsdóttir, Video, lys og installasjon: Hákon Pálsson, Samproduksjon: Reykjavík Dance Festival. 

Restriktioner

Framsyninga vert spelt i ein kjeller, det er ikkje heis i lokalet.