"Av måneskinn gror det ingeting" vat utgitt i 1958 og er ei modig og innsiktsfull forteljing om kvinnelivet. På jernbanestasjonen i Bergen plukkar ein mann opp ei ukjent kvinne. I løpet av natten deler ho livshistoria si. "Det er en banal historie", seier ho. "Men det er slikt en gjerne går alene med". Så fortel om læraren ho vart forelskelsa i som tenåring. Ho fortel om hemmelege møter i nattetimene, i skumringen, i måneskinnet. Og om det brutale konsekvensane lukka får.
Nesten tretti år før lova om sjølvbestemt abort vardt vedtatt i Noreg, slo Torborg Nedreaas sin første roman «Av måneskinn gror det ingenting» ned som eit lyn i norsk litteratur. Ein brutal, rå og modig roman som skildra sidar ved kvinnelivet som det ikkje hadde vore skreve om tidlegare. Dei direkte og detaljerte skildringane av en sjølvframkalt abort var i si tid tabubrytande, og har sidan gjort uutslettelig inntrykk på utallige lesarar. Boka skildrar og ei politisk oppvåkning, og er ein sterk moralsk refleksjon over kva det vil si å være et ansvarsfullt menneske.
Framsyninga hadde premiere på malarsalen på Den Nationale scene i 2024, har spelt fleire periodar for utsolgte salar, og fått fantastiske kritikkar. Stykket vann BTs kritikarpris som årets beste framsyning, og skodespelar Ida Klem vart nominert til Heddaprisen for beste skodespelar/hovudrolle. Versjonen som vert spelt på Teaterfestivalen vert tilpassa lokala på Ljosheim, og vert noko annleis enn den orginale oppsetjinga.
"Nedstrippet, men likevel mektig."
(Bergens tidende)
“En forestilling alle burde se”
(Morgenbladet) Av: Torborg Nedreaas Dramatisering: Ragnhild Hilt og Torborg Nedraas, bearbeidet av Miriam Prestøy Lie. På scena: Ida Klem og Jonas Nielsen. Regi: Miriam Prestøy Lie Visuell konsulent/kostyme/lysdesign: Tora Troe
Framsyninga hadde premiere 8. mars 2024 på Den Nationale Scene.