Ways of Seeing

Evenemangsinformation

-Årets  mest omtalte framsyning !


I november hadde teaterframsyninga Ways of Seeing premiere på Black Box teater i Oslo. Det vart starten på ein oppheta debatt som resulterte politimeldingar og truslar mot kunstnarane, demonstrasjonar og avgangen til ein justisminister. Framsyninga har fått eit etterspel som har sett spørsmål om ytringsfridom kraftig på dagsorden, og lykkast i på den måten godt med sitt eigentlege prosjekt; å få skjulte maktstrukturar på høgresida fram i lyset.


Om framsyninga:
Hanan Benammar reiste frå Frankrike til fordel for Noreg, berre for å oppdage at Jean-Marie Le Pen og Nasjonal Fronts agenda har slått djupe røter her og. I Oslo møter ho Sara Baban, som flykta frå Saddam Husseins krig mot kurdarane på 80-tallet. Pia Maria Roll/Hanan Benammar/Sara Baban/Marius von der Fehr har med denne framsyninga prøvd å kartlegge nettverka som har interesse av å gjere Norge til eit meir rasistisk samfunn. Kven er dei og kva oppnår dei med det? Og kva er samanhengen mellom dette miljøet og eit stadig høgare rop om meir overvaking?


I Ways of Seeing går dei nærare inn i gråsona mellom kva som er rett og gale, og kva som er lovlig og ulovlig; både for staten og for individet. Med seg på ferda har dei tidligare høgsterettsdommar, Ketil Lund, som leia etterforskinga av den norske statens ulovlige overvaking av venstresida.


"...en uhyre viktig forestilling.”
scenekunst.no.


«Dette er en forestilling det er viktig å se»
NRK


«Jeg har ikke sett stykket selv»
Erna Solberg


Dette er andre gang den prislønna regissør Pia Maria Roll Teaterfestivalen i Fjaler. Sist var ho her i 2016 med barneframsyninga «Nå løper vi», også denne laga i samarbeid med skodespelar Sara Baban. Vi er svært glade for at dei no kjem tilbake med årets mest relevante framsyning !


Medverkande: Sara Baban, Hanan Benammar, Ali Djabbary, Ketil Lund. Konsept, idé: Pia Maria Roll, Marius von der Fehr. Tekst: Sara Baban, Hanan Benammar, Ali Djabbary, Pia Maria Roll, Marius von der Fehr. Regi: Pia Maria Roll. Co-regi: Marius von der Fehr. Dramaturgi: Kai Johnsen. Scenografi, kostyme: Jennie Bringaker.Musikk: Sara Baban, Hanan Benammar, Phonophani, Jon Platou Selvig.Tegning, animasjon: Lotte Konow Lund.Lysdesign: Svein Inge Neergård, Lyd: Jon Platou Selvig.Video: Sara Baban, Hanan Benammar, Pia Maria Roll, Marius von der Fehr, Line Lyngstadaas.Tekstutdrag fra: Aimé Césaire, Frantz Fanon, Jean-Paul Sartre m.fl.Støttet av: Norsk Kulturfond, Dramatikkens hus. Co-produsert av Black Box Teater

fjaler

Ansvarsfriskrivning

Vi refunderer diverre ikkje kjøpte billettar