page view image

MY DINNER WITH PUTIN // KATE PENDRY

Rått og personleg om Hollywood, krig og makt - monologkunst av ypperste klasse!

Information
event image

Da "My dinner with Putin" hadde premiere i fjor, vart den unisont hylla av kritikarane - og framysninga vart ein av teaterårets store snakkisar.  Forteljinga byrjar då skodespelar Kate Pendry, etter eit  underbetalt frilansoppdrag, plutseleg får  tilbod om å spele i ein Hollywood-film med Robert De Niro. Regien er det den verdskjende, russiske  filmregissøren Nikita Mikhalkov som har. Kva som føl -  er utgangspunktet for ei unik og personleg framsyning om krigens lange skygger. 


Med raffinerte verkemiddel får vi høyre om både lengt, medias fetisjering av krig og eit verdsbilete i endring. Pendry  hoppar saumlaust mellom arbeiderklassa i Wien i 1933, til Moskva i 2022 og til Los Angeles i 1955. Vi møter Pussy Riot, Robert De Niro og Putin - og ikkje minst møter vi den eminente skodespelaren Kate Pendry.


«My dinner with Putin» er ein hudlaus  skildring av draumar, makt og storpolitikk. Der moral og ideologisk overtyding må vike for eigen vinning.


Framysninga var nominert til Heddapris for Beste scenetekst i  2023 og kritikerprisen for beste teaterforestilling, 2023. 


Omtalar i pressa: 


"Årets såreste og viktigste monologforestilling" 

(Per Christian Selmer,  Afternposten, terningkast 6)


"Språket er nydelig, tidvis helt poetisk" 

(Anki Gerhardsen,  Nordlys, terningkast 6)


«Dette er monologkunst på sitt aller mest raffinerte»
(Mode Steinkjer,  Dagsavisen, terningkast 5)


«en virkelig god forestilling jeg ikke kan riste av meg.»
(Julie Rognved Amundsen, Scenekunst.no)


«Pendry’s craftswomanship, both as a writer and actor, is remarkable to say the least»
(Ilse Gekhiere, Norsk Shakespearetidsskrift)


Tekst og skodespelar: Kate Pendry, regissør: Mads Sjøgård Pettersen, musikar, teknikarr og komponist: Audun Aschim. Produsent: Syv mil/ Camilla Svingen, kamerafører: Borgar Skjelstad, lysdesigner: Martin Maisch Brandvoll. Teknikar: Maja Bergebakken Sundt, lyddesign: Thomas Hildebrand, fotograf: Tormod Lindgren. Samarbeidspartnarar er Vega Scene, Syv mil, Østfold Internasjonale Teater og Hamar Teater. Støtta av: Kulturdirektoratet, Fond for lyd og bilde, Bergesenstiftelsen, Dramatikkens Hus, Fritt Ord, FFUK, Stikk.

Restriktioner

Framsyninga vert spelt på engelsk.
Ved kjøp av billettar med festivalpasspris, må festivalpass framvisast i døra.