Døden kommer ikke med ljå - Søndag kl 16:00

Evenemangsinformation

-Historia om «Unabomberen» Ted Kaczinsky i intimformat på Joen.

DØDEN KOMMER IKKE MED LJÅ tek utgangspunkt i tekstar om og av sivilisasjonskritikaren Ted Kaczinsky, betre kjend som «Unabomberen». Han vart arrestert av FBI i 1996,  etter at han i tjue år hadde vore FBI´s mest ettersøkte mann. Ted Kaczynski drap i løpet av to tiår tre personar og skada tjuetre. Han grunngav handlingane sine som ein legitim reaksjon mot truslane frå teknologisamfunnet, som han meinte øydela naturen. Fra den spartanske, Thoureau-inspirerte hytta si i skogen i Montana laga han til saman 16 brevbombar som han sende til dei han meinte var ansvarlege for det teknologiske samfunnet. Særlig prøvde han å ramme folk som jobba med genetikk og data.

Sinne var drivkrafta til Ted Kazcynski. Om sine voldelige handlingar har han sagt at folk som ikkje forstår kvifor han valde terror og drap som metode, ikkje sjølv kan ha kjent på et tilstrekkelig sinne.  Men bak sinne ligg ofte sorg. Kan det ha vært en form for øko-sorg som låg til grunn for handlingane hans? Kven var Kazcynski ? Kva dreiv han til å velje terror som metode? Kan vi forstå utan å forsvare? «Døden kommer ikke med ljå» er en intimframsyning som først hadde premiere i ei hytte i Oslomarka. Nina Ossavy har tidlegare vitja festivalen med framsyningane "Still in Silence" (2014), og "Havengler" (2015).


«Det Ossavy og Ranes her gjør er å ta i bruk den enkle, klassiske teatrale metoden å gå inn i figuren Kazcynski, og med bakgrunn i dagens utbredte fortvilelse over handlingslammelse og brutte løfter, forsøke å forstå hva han sier og hvorfor han gjør det han gjør.»


Med:  Terje Ranes. Tekst og regi: Nina Ossavy (fritt etter tekster av og om Ted Kazcynski) Støtta av Norsk Kulturråd, Dramatikkens Hus, Fond for lyd og bilde

fjaler

Ansvarsfriskrivning

Vi refunderer diverre ikkje kjøpte billettar.