Det siste epos Laurdag kl 16:00

Evenemangsinformation

-Antiheltenes epos i maksimalistisk innpakning !


Vi er svært stolte av å presentere denne urpremiera i Fjaler, i samproduksjon med Turteatern i Stockholm og nokre av dei mest spennande, unge scenekunstnarane i Norden !

I denne framsyninga krasjar fleire forskjellige univers inn i kvarandre, og vert utgangspunkt for eit storslått epos der eksistensielle og politiske spørsmål viklar seg ut fleire paralelle nivå. Vi møtar blandt anna Lilith - ei ulekker jente, ein mann som vert allergisk mot samfunnet, Simone Weil, ein dystopisk prins og seks imaginære astronautar på den røde planeten. Dette er antiheltenes epos, ein beretning 2.0. "Det siste epos" er eit teaterprosjekt som freistar å beskrive heile verda i ein framsyning. På samme måte som i episke storverk som "Odysseen", utgjør framsyninga eit heilt nytt univers der nye tradisjonar og lovar hersker. Det siste epos er eit augeblink i historia, som rommar ei heil verdensfortelling.

Prosjektet er ein idé av dramatiker Runa Borch Skolseg, regissøren Marie Nikazm Bakken og kostymedesignaren Fredrik Floen. Alle tre er sjølvutnevnte maksimalistar som har slått seg saman for å ta hybris til nye og bortgløymde høgder. "Det sista eposet" har urpremiere på Teaterfestivalen i Fjaler og vert deretter spelt på Turteatern i Stockholm og Black Box Teater i Oslo høsten 2019. Framsyninga vert spelt på fleire nordiske språk; svensk, finlandssvensk, dansk og norsk.


Vær oppmerksom på at framsyninga varar i 4,5 timer. Den har 2 pauser undervegs der ein kan kjøpe seg mat og drikke. 


Idé/konsept: Runa Borch Skolseg/Marie Nikazm Bakken/Fredrik Floen. Regi: Marie Nikazm Bakken, Dramatikar: Runa Borch Skolseg, Scenografi/kostyme/maske: Fredrik Floen, Medverkande: Isabel Reboia, Joel Ödmann, Kim Theodoridou Bergquist, Martha Rasmussen Lubiana, Teemu Kippola, Sigrid Lerche  Scenografiassistent: Clara Nergårdh, Snikkar: Robert Wiberg, Lyd: Patsy Lassbo, Lysdesign: Anne-Marie Fritiofsson, Oversetting: Ida Linde, Produsent: Siri Nyke. Produsert av Turteatern, Stockholm. Gjestespill samprodusert av Teaterfestivalen i Fjaler og Black Box Teater.  Produksjonen er støtta av: Dramatikkens Hus, Norsk Kulturråd, Svenska Kulturrådet, Stockholms stads kulturförvaltning, Kulturförvaltningen Region Stockholm, Sveriges författarfond.

fjaler