Askeladden som kappåt med trollet

Evenemangsinformation

-Forrykande eventyrframsyning full av fargar, fjær og fjas !

Dei fleste har vel høyrt eventyret om Askeladden. Det som handlar om den yngste i ein syskenflokk, han som inga har tru på, men som likevel, mot alle odds, lurer det slemme trollet og reddar familien sin. Eller... handlar det om Askeladden som må ta konsekvensane av å ha eldre sysken som burde ha lært å stå opp for seg sjølv for lenge sida? Eller handlar det kanskje om eit uskyldig gamalt troll som opplever å få hagen sin invadert av framande? Snakkar vi eigentlig om grove brudd på eigendomsretten her? Vi får sjå.

Campingkompaniet er eit omreisande musikk- og teaterkompani som består av skodespelarane Lisa Birkenes Thun og Sofia Knudsen Estifanos.  Om sommaren kjører dei rundt og på langs heile Noreg, i sin fargerike bil. Kompaniets overordna mål er å tilby jovial og lavterskel høykvalitetskultur i form av musikk og barneteater til folk der dei er. Campingkompaniets “Askeladden som kappet med trollet” er ein familieframsyning berekna på born frå 4 år og opp.

Medverkande: Lisa Birkenes Thun og Sofia Knudsen Estifanos. Regi: Erik Bauck Bårdstu.Produsert av Campingkompaniet.

fjaler

Ansvarsfriskrivning

Vi refunderer diverre ikkje kjøpte billettar