UPPHAV // Twazz (FO)

-Sterk og personleg dokumentarframsyning frå eit Færøysk kystsamfunn.

page view image
Dátum podujatia

Sobota 12 Sep 2026 17:30

Končí Sobota 12 Sep 2026 18:30
objednať

Dostupné položky

ticket item
Fullpris vaksen
ticket item
ungdom opp til 20 år
ticket item
Billett med festivalpass
event image

Informácie o podujatí

Frå Færøyane kjem ein dokumentarisk og  personleg framsyning om generasjonstraumane ein ofte finn i små kystsamfunn. Uppav er historia om to båtulykker, som ramma det vesle øysamfunnet på Hestur i 1919. Elleve menn som fiska frå små, åpne robåter omkom. Tilbake satt enker og born, foreldre og bygdesamfunn, som måtte skape ein ny kvardag i ein tid, der naturen satte sine ultimate betingelser. 


Dette er ei personleg forteljing. Bestemora til skodespelar Gunnvá Zachariasen var 6 år da tragedien råka heimstaden hennar. Ho mista bode faren og ein onkel. Historia er sett fra hennar blikk; eit born omgitt av sørgande mødre og bestemødre, og ein landsby som har mista ein tredjedel av forsørgarane sine. Upphav har spelt bode på Færøyene og i Danmark, og har fått svært gode kritikkar. 


Framsyninga varer i ein time. Den vert spelt på Færøisk og har engelsk teksting. 


Manus: Gunnvá Zachariasen and Marita S. Dalsgaard. Regi:Marita S. Dalsgaard. Skodespelar: Gunnvá Zachariasen. Komposisjon /lyd:Anna Katrin Ø. Egilstrøð. Lysdesign: Silje Grimstad. Engelsk oversettelse: Marita S. Dalsgaard. UPPHAV er produsert av Tvazz i samarbeid med Leikhús Skift.

Organizátor
Teaterfestivalen i Fjaler