FUCK YOU MLUNGU // Ein film av Mikal Hovland
-Skarp og varm kortfilm om ei norsk kvinne sin draum om å møte fadderbornet Sibusiso. Introduksjon v/ regissøren i forkant av visninga !
Solveig er nylig blitt enke. Ho har ikke eigne born, men på 1980-talet sponsa ho utdanning til den foreldrelause Sibusiso frå kongedømmet Eswatini sør i Afrika. Dei har aldri møtt kvarandre, men Solveig vurderar å skrive ham inn i testamentet sitt, så ho bookar ei feriereise til Eswatini for å verte kjend med Sibusiso. Det vert ikke heilt som idealisten Solveig hadde sett føre seg.
«Fuck you Mulungu» er ei skarp skildring av å korleis bistandsarbeid ofte vert fulgt av stereotypiske framstillinger - og kva forventningar som ligg i ein slik assymetrisk relasjon - formidla med humor og varme. Filmen vert også vist under Arendalsuka i 2024 i forbindelse med ein debatt om norsk bistand og kven som skal har rett til definere korleis bistandsmidler vert brukt.
Mikal Hovland er filmregissør frå Dale i Sunnfjord. Han vart uteksaminert frå Den norske filmskolen i 2012, og har sidan regissert både dramaserier, komedier, kortfilmar og reklame. Han debuterte i spelefilmformatet med suksessen «Jul i Skomakergata» i 2023.
Regi og manus: Mikal Hovland. Medverkande: Catrine Telle, Buntu Pupa m.fl. Produsent: Thomas Lien, Simen Bang-Hansen.
Lengde: 26 minutt + introduksjon