Vi er dette auget - Laurdag kl 14:00

Arrangementsdato

lørdag 14 sep 2019 14:00

Slutter lørdag 14 sep 2019 18:00
   Legg til i din kalender

Tilgjengelige varer

Vaksne
Barn og unge opp til 20 år
Billett med festivalpass

Arrangementsinformasjon

                                                                        

- Magical Mystery tour med Fauske Reiser!

                       

Eit bål brenn ned.
Ein  okk i joggedraktar samlar seg.
Ei tidsreise.
Ein embedsmann i frå Voss.
Ei performativ bussreise på det tidlege nittehundretalet. Sjå ut.
Sjå utanfor vindauget.
Dette er ikkje det ekte.
Det du ser.
Vi skal bak det du ser.

                       

Med desse kryptiske orda ynskjer reiseledar Eirik Fauske velkommen til ei heilt spesiell oppleving. «Vi er dette auget» er ei stadspesi kk, bevegeleg framsyning som har gjesta  eire
festivaler dette året. Sjølve framsyninga har form som ei reise. Eit framsyningsfor- mat som set publikum i  eire posisjonar, som gjest, deltakar og medverkande. Publikum møter opp på Ljosheim i Dale, deretter følger framsyninga fylkesveg 607 til Lammetun ferie og fritid, og tilbake. Heile reisa tek omlag 4 timar, og ein må kle seg etter vær og føre. Det vert servering underveis!

                       

Eirik Fauske er dramatikar og regissør. Han vart uteksaminert frå Kunsthøgskulen i Oslo med ein master i regi våren 2017. Som dramatikar vart han i 2011 nominert til Ibsenprisen for stykket «Under barnehagen». Han har vitja Teaterfestivalen i Fjaler to gonger før, i 2013 med framsyninga ”LINDÅS” og i 2014 med prosjektet «Sorgarbeid», som vart presentert i skogen på Dalsåsen.

                       

Av og med: Eirik Fauske, Ida Grimsgaard, Marit Grimstad Eggen, Camilla Vatne Barratt-Due, Kjersti Aas Stenby, Erik Bauck Bårdstu, og TBA. Støtta av: Kulturrådet, Stamsund Internasjonale teaterfestival, Villa Lofoten AIR, Fond for lyd og bilde, Teaterfestivalen i Fjaler, og Dramatikkens hus.

Ansvarsfraskrivelse

Vi refunderer diverre ikkje kjøpte billettar

Tags

fjaler
Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler