Testløpet // Tiril Pharo

page view image
Arrangementsdato

torsdag 8 sep 2022 13:00

Slutter torsdag 8 sep 2022 14:30
Kalenderlementet vil tilpasses din tidssone

Tilgjengelige varer

ticket item
Billett med festivalpass
ticket item
Barn og unge (opp til 20 år)
ticket item
Fullpris vaksen
event image

Arrangementsinformasjon

-Interaktiv familieframsynig  !

Testløpet er ein familieframsyning om sanning og løgn, tillit og kommunikasjon. Klara er ei 12 år gamal jente med tre foreldre; mamma, pappa og bonusmamma. Ho skal møte dei - og publikum - på friidrettsbana, for å gjennomføre eit viktig testløp. Løpet vil avgjøre framtida hennar som friidrettstalent, og foreldra er spente. Men Klara dukkar ikkje opp til avtala tid. Ho har valt å gjere noko heilt anna. Foreldra får berre uklare beskjeder om kor ho er. Kva skjer med Klara ? Korleis kan ho velje å skulke eit så viktig løp, og kvifor har ho ikkje sagt noko til foreldra ? 

Testløpet er ei interaktiv framsyning, der små og store publikummarar vert ekspertrådgivarar for dei vaksne karakterane i stykket, når dei havner i ein konflikt om og med Klara. Publikum vert delt inn i gruppar, som føl dei tre foreldra til Klara. Gjennom enkle oppgåver og dialog vert publikum dratt inn i dei ulike karakterane sine historier og perspektiv.

Framsyninga passar born frå 10 år, gjerne i lag med vaksne. 

Manus og regi: Tiril Pharo. Skodespelarar; Marthe Sofie Løkeland Eide, Bendik Ø. Johannessen, Kikki Stormo. Digitalt medverkande skodespelarar:  Astrid Lyngstad Pharo og Sofia Knudsen Estifanos. Fotograf: Trond Høines og Marthe Sofie Løkeland Eide. Dramaturg i delar av prosessen. Cecilie Lundsholt. Produsent: Tiril Pharo. Co-produsent: Østfold Internasjonale Teater. Støtta av: Norsk Kulturråd, FFUK, Dramatikkens Hus, Teatret Vårt, Østfold internasjonale Teater, Norsk Skuespillersenter. 

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler