STUMFILM // Wilmann / Stensrud / Nilsson / Kise

Urpremiere frå kruttsterk team, med skodespelar Ine Marie Wilmann på scena i Sara Li Stensrud si poetiske og eigenarta tekst STUMFILM.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

STUMFILM er ei framsyning - eller ein fantasi. Ein draum om det som kanskje var og det som kanskje kunne bli. Ein stad der sorga over å miste veks saman med sorga over ei verd som fell frå kvarandre. Ein framsyning om å dra seg tilbake til det innerste rommet bare for å oppdage at verda blør inn overalt. 

Stumfilm vert omtala som eit basketak mellom ein billedmetta tekstkropp og ein kjempande skodespelarkropp.  Skodespelar Ine Marie Wilmann påkallar, bønnfallar, slåss og blir slått til jorda, når ho tek oss med på ei reise gjennom eit støyande flimmer av minner og inntrykk – som å zappe gjennom tv-kanalar. I klem mellom nostalgi og utopi, flyktar ho inn i framande kroppar og bilete for å sleppe unna det paralyserte biletet av seg sjøl.

Stumfilm var ein av det tre vinnartekstane på Bergen Dramatikkfestival i 2022, og vart fyrste gong presentert der gjennom ei verkstadsvisning. Trass den korte prøvetida gjekk det gjetord om Ine Willmann sin intense skodespelarprestasjon, som - saman med teksten, den fysiske regien og scenografiske konseptet - gjorde forsøket til den store festival-snakkisen. No vert endeleg stykket presentert i full skala, med urpremiere i Fjaler, og seinare turné til fleire spelestadar.

Dramatikar: Sara Li Stensrud, regissør: Rebekka Nilsson, medskapande skodespelar: Ine Marie Wilmann, scenograf og kostymedesignar: Silje Kise.
Komponist og lyddesignar: Matthías Sigurðsson, lysdesignar: Randiane Sandboe.
Lysteknikar: Ole Stamnes. Koreografisk konsulent: Ida Wigdel
Signaturbilete: Silje Kise (design/skulptering), Markus Li Stensrud (foto).
Produsent: Marianne Solberg

Co-produksjon: Teaterfestivalen i Fjaler, Cornerstone, TOU Scene, Høstscena, Vega Scene. Støtta av: Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Bergen dramatikkfestival, Bergen Kommune, Dramatikkens hus, Fond for utøvende kunstnere, Bergesenstiftelsen, Oslo kommune

Varighet: ca 60 min

Restriksjoner

Ved kjøp av billettar med festivalpasspris, må festivalpass framvisast i døra.

Ansvarsfraskrivelse

Billetter vert kun refundert dersom framsyninga vert avlyst.

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler