Oppdrag Mottro

Tickets Not Available

Billetter er dessverre ikke tilgjengelig i våre systemer. Dette kan skyldes at arrangøren benytter en annen billettleverandør eller at arrangementet er utsolgt.

Arrangementsinformasjon

- Vittig, personleg og tankevekkande utforsking av gamle dagar !


I mange år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Byrja ikkje Mottro sitt liv med at Linda blei fødd?Korleis lever gamle dagar vidare i notida? Linda lengtar tilbake til ei tid som aldri kjem att. Mora står trygt planta i notid og ser seg ikkje tilbake. 


LINDA: Fekk du ikkje leva ut personlegdomen din, er det det du seier ?

MOTTRO: Men herlegheit, det fanst jo ikkje personlegdom før,

og om han fanst så hadde ein jo ikkje råd til å bry seg om han,

og i alle fall ikkje leva han ut.


Endeleg kan publikum få gleda av å oppleva Linda Eide i ei varm soloframsyning der ho forsøker å få has på desse mystiske gamle dagane. Ho som spør og grev, trur det let seg gjera. Ho som svarar kunne ikkje brydd seg mindre.


«I en mesterlig monolog gjør Linda Eide sin familiehistorie allmengyldig og viktig. Det er et stykke norgeshistorie, en morsom forestilling og en rørende seanse»

Bergens Tidende (terningkast 5)


"Linda Eide er en mester i å trekke linjer. Hun trekker linjer mellom tid, sted og mennesker"

BA (Teriningkast 5)


Av og med: Linda Eide, Regi: Arvid Ones, Scenografi: Olav Myrtvedt, Lys: Einar Bjarkø, Video: Einar Bjarkø og Linda Eide, Video/lyd tilrettelegging: Mathias Grønsdal, Mottro sin stemme: Liv Bernhoft Osa. Produsert av Hordaland Teater, i samarbeid med HiHat.

Ansvarsfraskrivelse

Vi refundere diverre ikkje kjøpte billetar

Tags

fjaler
Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler