Motorpsycho m/ venner - konsert i eventyrskogen !

Arrangementsdato

søndag 12 sep 2021 21:00

Slutter søndag 12 sep 2021 23:30
Kalenderlementet vil tilpasses din tidssone

Tilgjengelige varer

Fullpris vaksen
Vaksen m/ festivalpass
For deg som har kjøpt festivalpass.
born og unge opp til 20 år

Arrangementsinformasjon

- Årets konsertoppleving  !


Årets festivalavslutning er ei hending det kjem til å gå gjetord om i åra framover: Sjølvaste Motorpsycho spelar konsert i eventyrskogen ! 

Sjølv om Motorpsycho har halde seg i tet som eit av dei største rockebanda i Noreg dei siste tretti åra, har bandet alltid søkt nye vegar. Når dei no kjem til Teaterfestivalen er det saman med teaterkompaniet De Utvalgte, som vil stå for den visuelle og konseptuelle ramma saman med bandet. Utan å røpe for mykje, kan vi seie: skaff dykk billett, som snarast!

Motorpsycho har i alle år vore grensesprengande når det gjeld ulike musikksjangrar.  Musikken deira er kompromisslaus, eksperimentell, og rører seg innanfor sjangrar som psykedelisk rock, progrock, jazz, metal og punk. Bandet har base i Trondheim, og spelar over store delar av verda.

Ta med sitteunderlag og bli med på årets konsertoppleving! 

Medverkande: Motorpsycho: Bent Sæther, Hans Magnus «Snah» Ryan og Thomas Järmyr. De Utvalgte: Boya Bøckman, Kari Holtan, Torbjørn Davidsen, Anne Holtan og Anne Gerd Grimsby Haarr. Koreograf: Kristin Rygh Helgebostad. Dansarar frå Fjaler.  Produsert av Teaterfestivalen i samarbeid med De Utvalgte. Støtta av Norsk Kulturråd.


Restriksjoner

Vi føl gjeldande smittevernsreglar.

Tags

motorpsycho
deutvalgte
kristinryghhelgebostad
Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler