Språk
Land
© TicketCo AS 2022.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
- Stemningsfull konsert på Dalsåsen !
På åpningskvelden har vi gleda å invitere til ei unik konsertoppleving i verkstedhallen på Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen. Karawane er eit musikalsk samarbeid mellom Chris Erichsen og Anette Röde Hagnell. Prosjektet har ein nomadisk natur og inngår nye alliansar på kvar stoppestad. Denne gangen skrur dei seg inn i eit kraftfullt og omsluttende visuelt univers i samarbeid med biletkunstnar Sigvei Ringvold.
Labyrinten som åsted, tilstand og bilete av verda danner utgangspunkt for prosjektet. Det handlar om murar og isolasjon, om å bevege seg djupare inn i mørket. Om å skru seg inn og fast i tankelabyrintar og algoritmer utan korrektiv. Vi dras med i ein tankestraum framført med ekspressiv vokal, omslutta av lydbileta til Chris Erichsen og Snorre Sjønøst Henriksen. Prosjektet fekk terningkast seks under premiera i Skien i april i år, der Telemarksavisa mellom anna skreiv :
"forestillingen treffer med millimeterpresisjon på sin samtid, i sanntid, siden 80-tallet plutselig er blitt dagsaktuell, i den midtkrigskrise vi nå er omgitt av, etter gjenåpningen av koronasamfunnets ensomhet. Slike bærekraftige kunstprosjekter håper vi å se flere av framover." (Telemarksavisa)
Med Anette Röde Hagnell (Tekst, musikk, vokal, trekkspill), Chris Erichsen (Musikk, diverse instrumenter), Sigvei Ringvold (Rom, scenografi, kostyme), Snorre Sjønøst Henriksen (Musikk og lydarbeid), Agnar Ribe (Lysdesign og teknikk), Truls Hannemyr (Lyd), Kjersti Wold og Tor Arne Ursin (Tekstkonsulentar). Coprodusert av Grenland Friteater, Støtta av Norsk Kulturråd. Foto: Hans Petter Eliassen. Tusen takk til Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen for lån av lokale.