Grease is the way we are feeling - Søndag kl. 14.00

Tickets Not Available

Billetter er dessverre ikke tilgjengelig i våre systemer. Dette kan skyldes at arrangøren benytter en annen billettleverandør eller at arrangementet er utsolgt.

Arrangementsinformasjon

- Ein koreografisk fordjupning i musikalen Grease !  

«Grease is the way we are feeling» er det fjerde verket i koreografduoen Morten Liene & Marie Bergby Handeland sin særeigne serie «Ønskekonserten». Og også denne gong er det ein heilt spesiell tolkning av eit originalverket vi skal få sjå. Og høyre. For i «Grease is the way we are feeling» har Morten og Marie fordjupa seg i musikalen Grease, gjennom lytting.

Inspirert av trekkspelaren Pauline Oliveiros og hennar metode Deep Listening, har dei over ein lengre periode har dei lytta intenst til «Grease». Deep Listening utvikla seg under jorda i 1988, og gar ut på å lytte til alt heile tida. Metoden hjelper deg til å oppfatte meir, og på den måten forstå at lytting alltid inneheld for mykje ukjent til at ein kan forstå noko fullt og heilt. Gjennom lyttinga har Grease gradvis opna seg for dei, og funne nye vegar ut gjennom kropp og stemme.

Morten og Marie anser ofte seg sjølv som eit danseband i sine Ønskekonserter, da bevegelse og koreografi er sentrale element. Ofte trekkast dei mot materialer dei kjenner seg ambivalente til - refreng som gjer dei aue, skamfulle, myke og begeistra på same tid. Dei undersøker kor nært dei kan stille seg, og korleis det er mogleg å verte glad i noko. Framsyninga «Grease is the way we are feeling» hadde premiere under Ravnedansfestivalen i Kristiansand i 2019.

Marie Bergby Handeland og Morten Liene har jobba saman siden 2015, da dei utvikla arbeidet «ÅPNINGER», som dei gjesta Teaterfestivalen i Fjaler med i 2017. I deira serie «Ønskekonserten» nnes også «Alle Angrer» (2016), «Orgelet er en forlengelse av våre og Teigens Lunger» (2017), og «NULL» (2018).

Medverkande:
Konsept, Utøver: Marie Bergby Handeland og Morten Liene. Støtta av Norsk Kulturråd

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler