BLODKLUBB // Ferske Scener

Alternativ nasjonaldagsfeiring med Nord-Norges beste klubbkonsept !

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Blodklubb er eit unikt klubbkonsept frå Ferske scener i Tromsø. Tittelen spelar på det genetiske felleskapet, og på matretten blodklubb - eller Gumba - som er ein fast ingrediens på klubbmøtane. Med det samiske som omdreiningspunkt, og med ein uforutsigbar blanding av humor og alvor, utforskar Blodklubb forholdet mellom genetikk og kultur, i eit format der publikum sjølv er deltakarar.  Kvart møte er ein unik framsyning med nye tema. 


I denne utgåva av Blodklubb, har gruppa latt seg inspirere av nasjonaldagsfeiringar der fortidas kamper vert hylla, og der makt og styrke vert vist fram. Her vert det  personlege fortelljingar, blodklubbdans, ritualisert kamp og konkurransar. Publikum får anledning til å sleppe ut aggresjon, adrenalin og ikkje minst latter innanfor ramma av scenekunsten si alternative virkelighet.


Dei fire grunnleggarne av Blodklubb har alle dype røtter i nord og representerer fire nordnorske arketypar:


  • Den samiske aktivisten: Sigbjørn Skåden
  • Fornorskningsofferet: Bernt Bjørn
  • Bæraren av norsk skyld: Kristin Bjørn
  • Den nøytrale, finske forskaren: Kristina Junttila


Det vert open bar under heile arrangementet.
Varighet: ca 2,5 t

Restriksjoner

Ungdom under 18 er velkomne i følge med vaksne.
Ved kjøp av billettar med festivalpasspris, må festivalpass framvisast i døra.

Ansvarsfraskrivelse

Billetter vert kun refundert dersom framsyninga vert avlyst.

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler