BLAFF // Berit Einemo Frøysland

Urpremiere på danseframsyninga BLAFF - eit sjelemaraton med musikalske og visuelle forteljingar om husmenn, arbeid og handverk.

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

BLAFF er ei danseførestilling, eit sjelemaraton, ei legende om upåfallande menneske. Førestillinga handlar om korleis bakgrunnsfigurar og skjebnar med knappe ettermæle kan lyftast fram att, og det er teken utgangspunkt i spora etter husmansslekter. Tre dansarar arbeider, knyter seg saman og rekk opp att, medan musikk og tekst blir vevd inn. Til grunn for prosjektet ligg ein fascinasjon for alt levd og svunne, tid, død og arbeid med hendene som noko intergenerasjonelt, som noko som både knyt oss saman og skil oss som menneske.


Berit Einemo Frøysland (1992) kjem frå Lærdal i Sogn, bur i Bergen og er dansar, koreograf og skribent. Ho er m.a. utdanna ved Balettakademien i Stockholm. Frå 2016-2021 hadde ho base i Berlin og skapa fleire verk både der og i Noreg, mange av dei saman med tvillingsystera Anna Einemo Frøysland. Som duo var systrene med i Nasjonalballetten sin satsing for unge koreografar (2020-2022). 


Koreografi og tekst: Berit Einemo Frøysland. Dans: Karen Eide Bøen, Synne Erichsen, Noelle Elyza Guinoo Deriada. Musikk: Øyvind Hegg-Lunde. Lys: Randiane Aalberg Sandboe. Kostyme: Zofia Jakubiec. Stemme-innlesing: Reidun Melvær Berge. Dramaturgi/sceneinstruktør: Ingrid Askvik. 

Produsent: Syv Mil/Ingrid Saltvik Faanes. Co-produsentar: Teaterfestivalen i Fjaler, PreForm AS, BiT Teatergarasjen, Proscen, SPRANG, Lærdal Kulturhus, Det Vestnorske Teateret. Støtta av: Kulturrådet (Fri scenekunst prosjektstøtte - dans, Komposisjon og produksjon), Fond for lyd og bilde, Bergen Kommune, FFUK. 

Varighet: ca 60 min

Restriksjoner

Ved kjøp av billettar med festivalpasspris, må festivalpass framvisast i døra.

Ansvarsfraskrivelse

Billetter vert kun refundert dersom framsyninga vert avlyst.

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler