Blåmåka // Flying Seagulls

page view image
Arrangementsdato

lørdag 10 sep 2022 13:30

Slutter lørdag 10 sep 2022 14:15
Kalenderlementet vil tilpasses din tidssone

Tilgjengelige varer

ticket item
Billett med festivalpass
ticket item
Born og Unge (opp til 20 år)
ticket item
Fullpris, vaksen
event image

Arrangementsinformasjon


- Alle born har rett til å leike !

Flying Seagulls er ein internasjonal organisasjon av scenekunstnarar som arbeider for å spreie leik, glede og teater til born i vanskelege situasjonar i heile verda. Dei har prosjekter i 23 forskjellige land, og har mellom anna spelt mykje for born i flytkningleirer. Deira grunnholdning er at det å leike og le er ein menneskerett. Vi er difor særs glade for at desse sosialt engasjerte scenekunstnarane kjem til festivalen for å spele for born i Fjaler, og fortelje om arbeidet sitt rundt i verda. 

Blåmåka er bussen til Flying Seagulls. Ein sprek veteranbuss frå 1983, bygd om til ein stor, fargerik scene. Når dei speler framsyninga si fyller dei scena med livlig balkanmusikk og helsprø klovnar, og publikum vert rivne med ei eit ellevillt show, der nesten kva som helst kan skje; det er det nemleg opp til publikum å bestemme. 

Flying seagulls vil spele framsyninga si for born i 1.-4. klasse under Teatedag for born. På Festivlalaurdag speler dei ei framysning som passar  for dei mindre borna med foreldre. 

Av og med Flying Seagulls Norge. 

Organizer
Teaterfestivalen i Fjaler