TYNGDE/ Demian Vitanza

Arrangementsinformasjon

- Når vi verkeleg saknar nokon, leiter vi kor som helst.

 

Tyngde er to monologer frå det hinsidige. Den eine frå før eit liv er starta,  den andre frå etter eit liv er slutt. Den eine frå jorda og plantene sitt perspektiv, den andre frå verdsrommet. Det er kjærleik og lengt som tvingar oss inn i desse perspektiva, fordi vi aldri vil slutte å leite etter nokon vi har elska og mista.  

 

Vi er svært stolte av å presentere premiera av dette nyskrive stykket til Demian Vitanza, før stykket reiser videre til Ibsenfestivalen på Nationaltheatret. Vitanza er ein av våre mest spanande unge forfattarar, med fleire prisvinnande romanar bak seg. 

 

Monologane vert framførd av den erfarne skodespelaran Terje Strømdahl og ti år gamle Oline Flæte Modalsli. Forestillinga grensar til konsertformatet og er musikalsk bearbeidd i eit elektroakustisk lydlandskap av Nils Martin Larsen og Bendik Hovik Kjeldsberg, som også spelar live på scenen. Stykket er regissert av danske Simon Boberg, som har fleire store suksessar bak seg i Danmark.

  

Manus: Demian Vitanza, Regi: Simon Boberg, Skodespelarar: Oline Flæte Modalsli og Terje Strømdahl, Komposisjon, lyddesign, musikk: Nils Martin Larsen, Bendik Hovik Kjeldsberg, Scenografi, grafisk materiale: Eirik Sæter, Lysdesign, teknikk: Yasin Gultepe, Produsent: Ingrid Hansen. Produksjonen er støtta av Norsk Kulturråd, Nationaltheatret, FFUK, FFLB, og Dramatikkens hus