TUNG TIDS TALE/Riksteatret

Arrangementsinformasjon
Default file 1526295823

- Årets sterkaste roman blir teater ! 

 

Daniel er tre år, og foreldra gler seg over kor flink han er til å synge og prate. Men så tek plutseleg pratinga slutt. Latteren vender seg innover. Den vesle guten endrar seg. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga han treng. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

"Tung tids tale" er inga heltehistorie. Det er ei historie om oss alle. Skrive med både humor, sinne og varme. Om ei mor som må gi så mye meir kjærleik enn ho kan få. Om ei mor som møter ei tyngre tid enn ho visste fanst. Midt i Norge, midt i livet, midt i kvardagen til folk. 

Olaug Nilssen er ein av våre mest vitale og engasjerte forfattarar, med ein både skarp og inderleg penn, og med Tung tids tale vann ho i fjor Brageprisen. "Ei kjærleikshistorie," kallar ho sjøl boka.

 Når Riksteatret går saman med Det Norske Teatret og Kilden Teater om å lage teater av denne sterkt personlege og kritikarroste romanen, er det Marit Moum Aune som har regien. Ho er ein av våre fremste regissørar, med oppdrag for TV, film og teater, og har tidlegare laga publikumssuksessar av Olaug Nilssens "Få meg på, for faen"," Vi har så korte armar" og "Stort og stygt". For tida er ho aktuell med "Engler i Amerika" på Nationaltheatret. Dramatiseringa er gjort av Toril Solvang i samarbeid med regissøren og Olaug Nilssen sjøl.

 

Av: Olaug Nilssen. Dramatisering: Toril Solvang. Regi: Marit Moum Aune. Medverkande:  Jon Bleiklie Devik, Marianne Krogh, Julie Moe Sandø, Siren Jørgensen. Scenograf: Even Børsum. Lysdesignar: Ola Bråten. Lyddesignar:  Nils Wingerei. Ein samproduksjon mellom Riksteatret og Det Norske Teatret i samarbeid med Kilden Teater.