page view image

Tacobitch // konsert

Arrangementsinformasjon
event image

- Bli med på dansefest med Tacobitch !

 

Tacobitch er eit interdisiplinært kollektiv som består av dansarar og musikarar. Sidan dei sprengde grenser for kva eit liveshow kan vere på By:Larm i 2019, har dei vore ein ”snakkis” i både musikk- og dansefeltet og har spelt på festivalar og konserthus over heile  landet. Dei har skapt endelause køar og ellevill stemning på Klubb Øya, Vill Vill Vest, Trondheim Calling og selt ut Carte Blanche i Bergen. Musikken deira er feststemt, teatral, hard og sporty, og - umogleg å ikkje danse til! Før bygginga av Nye Samvirket tek til for fullt, er vi glade for å kunne invitere til ein siste fest i «gamle Samvirket» -  og trur dette vert ein dansekveld du seint vil gløyme!  

”Tacobitch spiller musikk det er ulovlig å ikke ha lyst til å danse til" (Underdusken.no) 

”Ut ifra det vi har sett til nå, så er det absolutt noe vi burde se fremover til. Musikk-Norge trenger noe som Tacobitch – noe nytt, drøyt og ikke minst originalt.” (musikknorge.no)  


Lokalet opnar 22.00, med sal av snacks og drikke. Konsertstart kl. 22.30. 

 




 

Restriksjoner

Ungdom under 18 slepp inn inn i følge med vaksne.