Store, skumle Moby Dick/Teater Ibsen

- Row-in teater for born med humor og spenning !
I denne fartsfylte framsyninga, inspirert av klassikaren Moby Dick, vert borna invitert ut på eventyr - frå kvar sin båt !
Kaptein Akab er sikker på at den kvite kvalen, Store Skumle Moby Dick, har kidnappa sonen, og no vil han ha hemn. Han betalar Even og Talulah for å bli med på ekspedisjon. Saman tek dei publikum med på ei reise under vatnet, for å finne Moby. Men etterkvart begynner Talulah å tvile på oppdraget, og fleire og fleire ting tydar på at ikkje alt er som ho først trudde.Kva skal Talulah gjøre, når det berre er ho, Even og Kaptein Ahab i ubåten, på tusen meters djup.
Store Skumle Moby Dick er eit humoreventyr for born mellom 5 og 10 år, om kvaler, frammandfrykt og kjærleik. Borna inviterast med på ein spennande reise djupt under havet, langt inn i hjartet.
Regi: Frode Gjerløw. Skodespelarar: Dagrun Anholt, Madeleine Barosen Herholdt, Preben Lillebø Rongve. Gjestespel frå Teater Ibsen.
Restriksjoner
Arrangementet føl gjeldande smittervernsrestriksjonar.
Ansvarsfraskrivelse
Vi refunderer diverre ikkje selde billetar