page view image

SPIONKRIGEN // Bård Wormdal

Føredrag - om det hemmelege etteretningssamarbeidet mellom Noreg og USA.

Informasjon
event image

Bård Wormdal har jobba som journalist i NRK i over 30 år, og har ein stor del av denne tida arbeida med problemstillingar rundt norsk spionasje mot utlandet. I fjor slapp han boka "Spionkrigen" som slo ned som ei bombe i si avsløringa av samarbeidet mellom norsk og amerikans etteretning. 

Lytte-stasjonar kamuflert som naust i havgapet, spiontokt langt inn på russisk jord, strengt vakta radaranlegg, fly og skip som samlar informasjon i skjul. Alt dette har vore del av eit hemmeleg etterretningssamarbeid mellom USA og Norge som også omfattar avlytting på den russiske grensa og tapping av sivile satellittar. Spionasjen har fanga enkeltmenneske i eit høgt spel mellom stormaktene. Både under og etter den kalde krigen, har småstader i Nord-Norge vorte gjort til mogelege bombemål. Likevel har avtalen med USA aldri vore opent behandla i Stortinget.

Ved hjelp av nye kjelder, som samtalar med tidlegare operatørar og lekka dokumenter, syner Bård Wormdal i dokumentarboka "Spionkrigen" korleis norsk etterretning kan overvåke både fiendtleg aktivitet og vanlege nordmenn. Verksemda drivast av Noreg, men er i stor grad finansiert av USA og tjener amerikanske interesser. Omfanget og metodikken er ikkje kjent for offentlegheita. Før no. 

Vi ynskjer velkommen til eit særs spennande føredrag på kaféscena på Samvirket ! 
Arrangementet er eit samarbeid med Folkeakademiet. 

Restriksjoner

Ved kjøp av billettar med festivalpasspris, må festivalpass framvisast i døra.