SOS Dobrie/ Siri Broch Johansen

Arrangementsinformasjon

- Samisk science fiction til søndagskaffien ? Bli med på ei engasjerande lesning av SOS Dobrie ! 

Den fiktive staten Sabmie Ovttastuvvon Siiddat (De samiske forente siidaer) er Europas eldste, mektigaste og mest toneangivende stat. Dei er Russland sin næraste allierte, og søsterfolk av bøffelfolket på Tatankas enorme sletter i vest. Men er alt bra i dette matriarkatet ? Eller bør den store høvdingen Sagka 35 lytte til det plagsomme moskusfolket, dette mikroskopiske, sjølvutnemde urfolket som bur i og på Dobrie? Kan dei ikkje berre flytte seg litt, slik at staten får utvide Dobrie diamantgruver ? Det kan då ikkje være så himla nøye med beite til moskusane? Det er jo plass nok! 

Forestillinga SOS Dobrie gir et innblikk i dette fiktive landet sine interne forhold og relasjonen til den plagsomme minoriteten i sør. I Siri Broch Johansens scenetekst vert maktforholda i ei verd kor sabmierne er vant til å regjere undersøkt. Ved å ikle samane den sjølvsagte maktarrogansen som følgjer med eit tusenårig styre, er publikum med på å undersøke maktforholda i den verkelige verda. 

SOS Dobrie er eit leseprosjekt, der publikum er medverkande. Siri Broch Johansen bruker ein tilfeldig dramaturgi som verkemiddel, der ho trekk lodd om dei fleste scenene. 

Siri Broch Johansen (f. 1967) er ein samisk forfattar, dramatikar, songar og språkarbeidar frå Tana. Ho har oversatt/gjendiktet ei rekke av Leonard Cohen sine songar til nordsamisk, og produsert musikkteaterforestilling. Beaivváš Sámi Našunálateáhter har vist stykket hennes Gurut guvlui Heahtás.  Johansen har en mastergrad i teater fra Kunsthøgskolen i Oslo, fordypning scenetekst. S.O.S. Dobrie hadde premiere på festspillene i Nord - Norge i 2018.