page view image

SLÅSS // Basch / Mohn

Korleis overleve?

Informasjon
event image

Veit du korleis du skal komme deg ut av bagasjerommet i ein låst bil? Eller lage din eigen nødrakett? Slåss er ein framsyning om vald og relasjonar. I eit fargesterkt univers med inslag av folkeeventyr, myter og popkultur, og med humor og alvor, undersøkjer framsyninga tema som makt, aggresjon og ikkje minst; overleving. 


"Slåss" er laga av scenekunstnarane Lea Agathe Basch og Solveig Laland Mohn. Basch (scenografi / tekst / regi) har tverrfagleg bakgrunn, først og fremst innen scenekunst, og med installasjon, video og performance i billedkunstfeltet. Ho har ein mastergrad i teater fra Kunsthøgskolen i Oslo. Solveig Laland Mohn (tekst / utøver) er skodespelar, utdanna frå Akademi for scenekunst og har studert estetikk og teatervitenskap ved Universitetet i Oslo. Basch/Mohn har jobba saman ved flere anledninger. Sist om prosjektet "Alt vi vil - om frykt, dødsbevissthet og katastrofeberedskap", framført som lytteverk og performance ved Performing Arts festival i Bergen 2022.

Konsept, tekst og produksjon: Basch/Mohn. Regi og scenografi: Lea Agathe Basch. Skodespelarar: Uma Feed, Pål Fredrik Kvale og Solveig Laland Mohn.  Musikar og lyddesignar: Sigrid Bendz. Lysdesigner: Yasin Gyltepe. Kostyme- og rekvisittmakar: Nora Haugen Ellingsen. Tekstdramaturg: Emilie Teige Skrattegård. Marknad og kommunikasjon: Andrea Skotland 

Framsyninga er produsert med støtte fra FFUK, Fond for lyd og bilde, og Kulturrådet
Co- produsent: Teaterfestivalen i Fjaler og Flytårnet, Fornebu.