page view image

SLÅSS // Basch / Mohn

Korleis overleve ?

Informasjon
event image

Veit du korleis du skal komme deg ut av bagasjerommet i ein låst bil? Eller lage din eigen nødrakett? Slåss er ein framsyning om vald og relasjonar. I eit fargesterkt univers med inslag av folkeeventyr, myter og popkultur, og med humor og alvor, undersøkjer framsyninga tema som makt, aggresjon og ikkje minst; overlevelse. 

"SLÅSS" er laga av scenekunstnarane Lea Agathe Basch og Solveig Laland Mohn.  Bash (scenografi / tekst / regi) har tverrfagleg bakgrunn, først og fremst innen scenekunst, bl.a. med Vinge/Müller, og med installasjon, video og performance i billedkunstfeltet. Ho har ein mastergrad i teater fra Kunsthøgskolen i Oslo.  Solveig Laland Mohn (tekst / utøver) er skodespelar, utdanna frå Akademi for scenekunst og har studert estetikk og teatervitenskap ved Universitetet i Oslo. Solveig skriv tekstar for teater, lagar eigne framsyningar og har sidan 2006 vore ein del av Verk Produksjoner. Mohn/Basch har jobba saman ved flere anledninger. Sist om prosjektet "Alt vi vil - om frykt, dødsbevissthet og katastrofeberedskap", framført som lytteverk og performance ved Performing Arts festival i Bergen 2022.

Konsept og tekst: Basch/Mohn. Skodespelarar: Uma Feed, Pål Fredrik Kvale og Solveig Laland Mohn. Regi og scenografi: Lea Agathe Basch. Lyddesign: Sigrid Bendz. Lysdesign: Yasin Gyltepe. Kostymemakar: Nora Haugen Ellingsen. Tekstdramaturg: Emilie Teige Skrattegård

Framsyninga er produsert med støtte fra Kulturdirektoratet. Co- produsent: Teaterfestivalen i Fjaler.