RAKLE RUNDT VARMEN // Kjetil Stavenes
Festivalavslutning med forteljarframsyning rundt bålet
“Kan vi fortelle vår historie når vi har mista språket vårt?”, spør Kjetil Solberg Stavenes i den personlege monologframsyninga Rakle rundt varmen. Kjetil sin slekt var reisande og har for mange generasjoner siden vore offer for en grov assimileringspolitikk. Dei vart frarøva språk og fekk endra levemåten sin - men vart kulturen utsletta, eller eksisterer fortsatt bruddstykker av den? Kanskje som familiekultur, fortellerstunder rundt bålet, alltid med en kopp kaffe i hånda. “Jeg er av reisende slekt, jeg er ikke reisende, jeg kan ikke kalle meg for reisende … eller?”
Kjetil Solberg Stavenes er scenekunstnar, historieforteljar og poet. Han jobbar ofte i alternative scenerom med minimalistisk scenografi. Uttrykket hans er fysisk og leikent, forteljarstilen er malerisk, og han befinn seg som regel på vippepunktet mellom rein og sprø tragedie, der humoren ligg i det djupt tragiske og alvor i det banale.
Rakle rundt varmen er ei reise utan eit fysisk mål, men likevel fylt av undring. Framsyninga vert spelt utandørs på Steia gard, rundt bålpanna. Dette vert ein stemingsfylt festivalavslutning, og vi oppmodar publikum til å kle seg etter været.
Av og med: Kjetil Solberg Stavenes, Rekvisitør: Vilde Stensland Vinje, Produsenter: Liv Hege Skagestad og Maren Eline Markussen Takk til Kjetils familie som har delt så mange historier. Forestillinga er produsert i samarbeid med Den Mangfaldige Scenen og Jakob Sande-senter for forteljekunst.