RADIO FJALER: Om å dyrke sin hage, mens verda brenn.
Livesending frå Samvirket, med nokre av skaparane av framsyningane STUMFILM, RAND ENSEMBLE og PUSTEROM. Samtalen vert leia av Cecilie Lundsholt, teatersjef på Teater Vestand.
På våre livesendingar frå Samvirket, får du høyre meir om verka som vert presentert på festivalen ! Den første sendinga har vi kalt "Om å dyrke sin hage, mens verda brenn". Tittelen viser til den franske filosofen Voltaire, som meinte at det "stikke hendene i jorda og dyrke sin eigen hage", kunne vere det beste bidrag i ein kaotisk verd.
I framsyninga "Stumfilm" møter vi ei kvinne som vil stenge verda ute, men opplever at den "blør inn overalt". I "Pusterom" møter vi eit par som ikkje veit om dei tør å få born i ei verd som brenn, medan i "Rand Ensemble" får vi eit møte med filosofien til Ayn Rand - som har vorte ein ledestjerne for høgresida, med sine tankar om individets fridom, og at ein berre har ansvar for seg og sine.
Vi har invitert Cecilie Lundsholt, teatersjef på Teater Vestland, til å ta ein prat med skaparane av desse verka, om ulike strategier ein kan ha i møte med ei alvorstynga verd, og kva dilemma ein møter.
Samtalen er gratis med festivalpass, men ein må ta ut billett for å sikre plass. Kafeen er open !
Medverkande: Rebekka Nillson, regissør av Stumfilm, Øyvind Osmo Eriksen, Regissør, tekstforfattar og komponist, Rand Ensemble, og Harald Nødtvedt, skodespelar i Pusterom. Cecilie Lundsholt leiar samtalen.
Samtalen varer 45 min.