Løgn varar lengst/Aslak Moe

Arrangementsinformasjon

- Dokumentarframsyning om ein forelders kamp mot systemet. 


Det byrjar med eit samlivsbrot.  Aslak flyttar frå ei lita dotter for å leve ei annan stad, med ei annan kvinne. Så kjem det eit brev frå ein advokat. 


Aslak Moe er ein instruktør som har spesialisert seg i framsyningar som nyttar røyndommen som råstoff. Bak seg har han fleire produksjonar som formidla særs personlege møter mellom mennesket på scena og oss som sit i salen.


Frå si eiga erfaring med delt foreldreskap, eit møte med  «foreningen 2 foreldre» og ein massiv research i norske foreldretvister, står no Aslak der med forteljinga om ein far - og ein splitta familie sitt møte med det norske rettsapparatet, politiet og påtalemakta. Med «Løgn varar lengst» tek Aslak sitt røyndomsprosjekt endå vidare med ei historie som har grepe så sterkt tak i han at han vil formidle den sjølv.


Dette er tredje gongen regissør Aslak Moe vitjar festivalen. Først med «0+0=4» i 2013, som omhandla norske justismord, deretter med ei lesning av «Rovdyr» i 2014. Vi er veldig glade for at Aslak vel å ha premiera på «Løgn varer lengst» på årets teaterfestival ! 


Av og med: Aslak Moe. Dramaturg: Solrun Toft Iversen. Ein samproduksjon mellom Aslak Moe og Det Vestnorske teatret. Foto: Kai Flatekvål.

Restriksjoner

Alle våre arrangement føl gjeldande smittevernsreglar.

Ansvarsfraskrivelse

Vi refunderer diverre ikkje selde billetta