page view image

LIVE SCHJØL // Fredrik Høstaker

Kaffi og kaker og Live Schjøl!

Informasjon
event image

Ta ein pause i festivalprogrammen på hyggelige Kaffikontoret - med kaffi, kake og humoristiske noveller om Live Schjøl. I dette arrangenmetet får du servert tre noveller skrive og framført av skodespelar Fredrik Høstaker frå Førde. Novellene handlar om den herlege og snodige Live Schøl som startar ei skodespelarkarriere ved fylte førti. Ho er ei av dei som lyttar litt for sterkt til sine impulsar, som gjer at ho gong gong hamnar i trøbbel. Novelleserien om Live Schøl begynte då Høstakar hadde diktarresidens på Jakob Sande-senter for forteljekunst i 2024.


Fredrik Høstaker (f. 1990) er skodespelar frå Førde, utdanna frå Bårdar Akademiet og KHiO. Han har mellom anna spelt Peter Pan på Oslo Nye Teater og Mozart i «Amadeus» på Kilden Teater. Han har gjesta Teaterfestivalen i Fjaler fleire gonger, sist med GJENSTAND FOR som blei spelt i Badevika under ein storm i 2019.