LA FJELLA LEVE // dokumentarkino
-Ekslusiv førpremiere under teaterfestivalen!
I over 20 år har samiske reindriftsutøvarar på Fosen kjempa mot Europa sitt største vindkraftanlegg, som vart satt opp midt i eit viktig beiteområde. Når høgsterett slo fast at anlegget bryt samiske menneskerettar, ga det håp om at vindturbinane vart fjerna. Men da regjeringa likevel nekta å fjerne dei, svara samiske ungdommar med å mobilisere i protest og sette alt på spel: fjellet, kulturen, framtida.
I La fjella leve rettar ein av dei mest anerkjente dokumentarfilmskaparane i landet, Håvard Bustnes, blikket mot Fosen-saka og staten sitt pågåande brot på menneskerettar. Dette er eit David- og Goliat-drama, som rommar nokre av vår tids store spørsmål. Dilemmaet i filmen kretsar rundt utbygging av grøn energi, ei omstilling dei fleste seier ja til, utan å reflektere over negative konsekvensar for økosystemet og menneska som kjem i veien.
La fjella leve kjem på kino over heile landet i Okotber, og vi er glade for å kunne invitere til ei eksklusiv førpremiere under teaterfestivalen!
Medverkande:Ella Marie Hætta Isaksen, Terje Haugen, Elise PAvall Årbogen, Sissel Stormo Holtan m.fl.