page view image

JYTTELSHAUGEN // Festivalfjelltur med geolog Espen Bråstein

-Kor er vi?

Informasjon
event image

Årets teaterfestival er programmert under overskrifta "Landskap". Og for å best får oversikt over landskapet rundt oss, inviterer vi til ein fjelltur* på opningsdagen, med geolog Espen Bråstein frå Fjordkysten - regional og geopark.

Visste du feks. at toppen av Helleberget ein gong var ein del av Grønland? Og at Fjaler var ein del av verdas største fjellkjede? Dette og meir til får du høyre om i eit føredrag på turen.

Vi anbefalar gode sko, å kle seg etter været - og hugs niste! Turen tek omlag 1,5 time til toppen. Oppmøte frå Einerhaugen. Det er sjølvsagt gratis å være med, men ta ut ein gratisbillett for påmeldigna si skuld, så kontaktar vi deg om moglegheit for skyss!

Espen er prosjektleiar og geolog i Fjordkystparken.
Han har ei Cand.Scient grad i Strukturgeologi frå Universitetet i Bergen.