page view image

JEG SKAL FINNE DEG // Malmfrid Hallum

-Vikinginspirert samtidsdramatikk fra Bergen Dramatikkfestival - spesialvisning ved fjorden!

Informasjon
event image

To forlatne sjeler i ein spøkelsesby leitar etter ein veg ut av historia. Den eine hevdar å ha brent ein by ned til grunnen og har teke livet av ein konge. Den andre drøymer om mjuk krem på flaske og sko med flytande glitter i.

"Jeg skal finne deg" vev saman mytar, historie og samtid i den britiske kystbyen Whitby. Stykket er inspirert av hendingar som fann stad for lenge sidan, då ungguten Ivar sette ein katedral i brann for å hemne drapet på sin far. Åtaket skjedde natta då sløret mellom dei døde og dei levande var på sitt tynnaste – allehelgensaftan. Nesten tusen år seinare kom Bram Stoker til byen og byrja arbeidet med Dracula. Med ekko frå norrøne soger, gotisk litteratur og førestillingar om verdas undergang skriv Hallum fram ein by og eit møte der fortid og samtid eksisterer side om side.

I dag er gatene i Whitbyprega av fattigdom, rus og utanforskap. Det vert sagt at tida går i oppløysing her, og at dei døde går att. Hallums tekst er ei valdsam og øm forteljing om hemn, nåde og håpet om at nokon skal finne deg før mørkret fell.

"Jeg skal finne deg" er éin av vinnartekstene frå Bergen Dramatikkfestival som går av stabelen siste helga i august, og vi er svært glade for å kunne presentere denne rykande ferske stuntvisninga frå festivalen - i eit naust nede ved fjorden! 

Visninga er regissert av Ole Johan Skjeldbred, med skodespelarane Madalena Sossa Hellly-Hansen og Filip Kremner frå Den Nationale Scene.