page view image

HEIME@RIVEDAL - Music & Performancefestival in private homes!

En kveld du seint vil gløyme!

Informasjon
event image

Fredag kveld inviterer vi til ein heilt spesiell heilaften i Ingold Arnarssons rike; nemlig i den gjestfrie bygda Rivedal ! Her kan du vandre fra hus til hus og oppleve artistar frå heile Norden - i private heimar, løer og fjøs! Kvar konsert varer omlag 20 minutt, og du vel sjølv kva rute du vil gå og kva du vil oppleve; færøysk rap med Silvurdrongur ? Smektende countrypop med Embla & the Karidotters (duo) ? Dansefest med den iransksvenske elektropopdronninga Uroish?  vi garanterer at dette uansett vert ei oppleving du seint vil gløyme ! Rivedal grendalag stiller med bar og matservering heile kvelden! 


HEIME@Rivedal er inspirert av den færøyske HOYMA-festivalen, som i ti år gått av stabelen i den vesle bygda Syðrugøta. Bode nasjonale og internasjonale artistar speler på festivalen, som utelukkande vert arrangert i private stover. 


PRAKTISK INFO: Billetten til  "HEiME@Rivedal" inkluderer også buss til og frå Dale. Tider for bussavgang vert annonsert her på sida i august. 

Billetten du kjøper på nett, bytter du til eit eige festivalpass for arrangementet, dette gjør du på Rivedal grendehus ved arrangementstart. 

Arrangementet er ope for born og ungdom, som kjem i følge med ansvarleg vaksen over 25. Det vert skjenking på avgrensa områder.