page view image

FESTIVALNATT MED REAL ONES + 3-RETTARS LOKALMATMENY !

Årets happening i vest er festivalnatta på Teaterfestivalen med Real Ones, unike matopplevingar, musikalske overraskingar og dans !

Informasjon
event image

Laurdagskvelden inviterer vi til ein magisk kveld i Klokkargarden ! Legendane i Bergensbandet Real Ones toppar kvelden, som ellers vert fylt med eit nytt og spennande matkonsept, der publikum vil få servert ein unik 3-rettars lokalmat-meny, laga av den kjende kokken Nils Henning Nesje i samarbeid med lokale matprodusentar. Menyen er inkludert i inngangsbilletten og serveringa vil føregå innimellom programmet.  Kvelden vert ellers fylt av musikalske opplevingar; visesongar Simen Sormo Say, det ambiente fjalerbandet Pathways, folkemusikklaget Havbrusen, for å nemne nokre. Det vert stort bål, og dans utover natta med DJ Amin. Dette vert ein kombo av tradisjonell løefest og velprodusert stadion-festival og vi håper absolutt heile bygda kjem! 


Real Ones er kjent for mange fjalerbuarar - mellom anna spelte dei ein av dei fyrste konsertane sine på Gjesten i Dale på 90-talet. I tre tiår har dei imponert presse og publikum som eit av dei mest originale banda i Noreg - og definitivt eit av dei beste livebanda vi har i sin sjanger. Dei har spelt konsertar på alle kontinent. I fjor kom det kritikarroste albumet “Love Your Mother”, med ein tittellåt tilegna gruvemotstandarane i Vevring. No jobbar dei med sitt fjortande album - og det er visst berre å gle seg til det kjem ! Kanskje slepp dei nokre nye låtar fra scena i Klokkargarden ? 

”Real Ones har lenge vært Norges isærklasse beste liveband. Kanskje er de Norges beste band, punktum.” (Sven Ove Bakke, Dagbladet)


Området opner kl. 20.30. 
Medverkande: Real Ones, Pathways, Simen Sormo Say, Havbrusen, Dekor m.fl. 

Restriksjoner

Ungdom under 18 er velkomne i følge med edru vaksne.
Ved kjøp av billettar med festivalpasspris, må festivalpass framvisast ved innslepp.