page view image

FESTIVALNATT i Klokkargarden med TARRAK (GL), AGRASOPPAR + RIVA (FO) m.fl!

Årets beste fest; Festivalnatt med unike artistar, nydeleg Klokkargardstemning, matservering, dans og sprakebål!

Informasjon
event image

Laurdagskvelden er eit høgdepunkt under teaterfestivalen, og i år har vi slått på stortromma med eit fullspekka festivalnatt-program, men unike artistar frå Norden på scena!


Den grønlandske hip hop-kometen Tarrak har ein fanskare som strekk seg langt utover landegrensa og har mellom anna spelt to gonger på Roskildefestivalen. Han rappar på morsmålet, Kalaallisut,  og gjennom tekstene sine formidlar han koblingane mellom det politiske og det personlige. På festivalnatta kjem han med fullt band. 


Aggrasoppar er navnet på det elektrifiserande flower-punk-bandet frå Færøyane, som har tatt Europa med storm. Liveopptredenane deira er berykta for å vere morosame, instinktive og fulle av overraskingar, med eit breitt spekter av sjangrar. Trioen har vunnet internasjonale priser for sine performance-kunst-aktige konserter, og på festivalnatta opptrer dei saman med det færøyske dansekompaniet RIVA. 


I tillegg vert det fleire overraskelser og mykje god musikkk; Vandelsbanden, Havbrusen spelemannslag, og sjølvsagt DJ og tradisjonen tru full kok på dansegolvet ut i dei små timer. 


Festivalnatta går av stabelen i Jakob Sande-tunet, og ein må kle seg etter været.* 


Foto: Agrasoppar + Riva 


*Som i fjor vert frivillige på festivalen vert invitert til lukka lag med matservering i forkant av det billeterte arrangementet og treng heller ikkje kjøpe billett til festivalnatta.