FESTIVALLAURDAG !

Arrangementsinformasjon

- Festivallaurdag med aktivitetar for store og små !
 
Tradisjonen tru nyttar vi festivallaurdagen til å invitere små og store til ein dag med mykje kjekt på programmet. Innhaldet på festivallaurdagen er som alltid tematisk knytt til festivalprogrammet. I år er tema for festivalen «Utanforskap», og vi har difor valt å ha Fjaler Kommune sitt eige motto som overskrift for dagen: «Eit ope samfunn!».
 
Familiedagen vert arrangert i området i og rundt Vevang Produksjon og Tusenårstaden. Vi har fleire scener og nyttar heile området til aktivitetar, filmvisning, marknad og stands. Alle aktivitetar er gratis og ope for alle !
 
Program frå scena frå kl. 11.00:
-Stopp! Ikkje Mobb!  Song av elevar frå alle barneskulane i Fjaler.
-Konsert med Go Bananas!
-Tale for dagen v/ Marte Wexelsen Goksøyr.
 
frå kl. 12.15- Fjaler fortel !
No har du sjansen til å bli betre kjend med nye og gamle sambygdingar ! «Fjaler fortel» er eit forteljarprosjekt der publikum ein - til- ein får møte og høyre personlege historiar frå heilt vanlege menneske, i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Visninga vert lagt opp som ein slags stolleik, der publikum kan sjå etter ein ein ledig stol ved sidan av ein forteljar som har førebudd ein historie frå sitt liv. Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med Thomas Storm og Camilla Jensen frå kompaniet Fortellerkraft.
 
frå kl. 12.15 - Leikar for born !
Gå på line, prøv å sjonglere, smink deg som ein klovn !
 
frå kl. 13.00 - Teater Prospero & De Fjaleristiske
Sirkus du aldri har sett maken til!  «De Fjaleristiske» er eit samarbeidsprosjekt mellom Teater Prospero, Fjaler Kommune og Vevang Produksjon. I løpet av ei veke vil Teater Prospero utarbeide ei framsyning i lag med personar med ulike former for og grader av funksjonsnedsetting. Teater Prospero har tidlegare hatt stor suksess med sine klovneteaterframsyningar med eldre. Kompaniet består av teaterkunstnarane Josè Marià Lòpez og Vibeke Lie, som også er leiar av Sykehusklovnene. Kom og sjå framsyninga dei har laga ! Skodespelarar: Ingvild Leirpoll Rakneberg, Jon Magnus Øen, Arild Nybø, Sissel Nistad, Aud Gjermundstad, Endre Losnegard, Pål Furnes Ness, Thea Amida Leirvåg, Vilde Åsnes Skarstein.
 
frå kl 13.30 - Samtalar om Utanforskap
Forfattar Demian Vitanza med Skodespelar Terje Strømdal, Bonde Leif Jarle Espedal og fleire
 
Heile dagen vert det sal av god mat og drikke frå mellom Siri`s Soulfood, bygdekvinnelaget, Leonard forlåvelse og co, Fjord gardsmat, Sognefjord Kaffibrenneri, Monrudes Thai Take Away , og Internasjonal Kafe.