En folkefiende kl 19:00

Arrangementsinformasjon

-Leiken og ungdommeleg Ibsenklassikar !


Korleis taklar vi problem i samfunnet om vi ikkje lenger kan diskutere med kvarandre ?  I den omarbeida Ibsen-klassikaren «Ein folkefiende» møter vi doktor Thomas Stockmann og broren Peter. Dei er så ulike som brødre kan være. Peter er ein konservativ kapitalist, Thomas er ein idealistisk rebell. Thomas arbeidar som lege på byens kurbad. Peter er byfogd, politimester og formann i badet.

Brødrene lever side om side i ein norsk småby, ikkje ulik andre norske småbyar. Ein dag oppdagar Thomas at vatnet i kurbadet, sjølve turistmagneten i byen, er forpesta. Å utbetre feilen vil øydelegge økonomien og livsgrunnlaget til den lille byen. Å ikkje utbedre feilen vil øydelegge folket si helse. Den eine broren har retten på sin side, den andre har makta.  Begge er sta. Begge er krenka. Begge er egoister.

Regissør Philipp Stengele har tidlegare satt opp klassikarar for ungdom med stort hell. Han vart nominert til Heddaprisen 2016 i kategorien for beste scenetekst for sitt tekstarbeid med Shakespeares «Othello». Forestillinga vart og nominert til Heddaprisen 2016 i kategorien for årets barne- og ungdomsforestilling.


«Ei humoristisk og sterkt komprimert framsyning som eg trur vil treffe tenåringsmålgruppa.»  Klassekampen.


Av: Henrik Ibsen. Omarbeida av: Philipp Stengele. Regi og lysdesign: Philipp Stengele. Scenograf og kostymedesigner: Freya Busby, Koreografi scenekamp: Inga Live Kippersund, Medverkande: Inga Live Kippersund, Hedda Sandvig, Elisabet Topp. Produsert av Teatret Vårt. Framsyninga vert og presentert for ungdomskulane i Fjaler, i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken i Sogn og Fjordane.

fjaler

Ansvarsfraskrivelse

Vi refunderer diverre ikkje kjøpte billettar