page view image

DRAUG // Eventyr i Parken

-Spennande vandreteater for born, basert på nordiske kysteventyr!

Informasjon
event image

Havet har alltid gitt liv til forteljingar langs kysten vår. Langs den ville, uforutsigbare, norskekysten har sagn og historier vokst frem. Gjenfortalt fra generasjon til generasjon og fra havn til havn.

Kompaniet Eventyr i Parken lagar interaktive framsyingar for born, som vert spelt utandørs i naturen. "Draug" er utvikla etter eit forprosjekt på Senja og på Færøyene, der kompaniet har samla inn sagn og forteljingar frå kystsamfunn. Historiene handlar om draugen, selkvinner og havfolk.  I «Draug» blir publikum tekne med inn i eit univers inspirert av desse nordiske segna. Dei får møte mytiske skapningar langs ei rute, der naturen sjølv er ein del av scenografien. Gjennom leik, spenning og forteljarkunst blir publikum minna på kor viktig det er å lytte til havet.

For når grenser blir kryssa og åtvaringar ikkje blir høyrde, kan det få konsekvensar. Ein fiskar har forlist, og spørsmåla ligg i lufta: Tok ho meir enn ho trong? Var det Kraken ho fiska over? Og kan det verkeleg vere Draugen som kviskrar i bølgjene?

Bli med oss og opplev eit eventyrleg vandreteater for heile familien! Framsyninga passar born frå 6 år og varer omlag 1 time. 

Manus: Lina Taule Fjørtoft, Adele Lærum Duus, Skapande skodespelarar:Stine R. Svellingen, Thomas B. Brandt & Ingeborg Meyer Lysne, Regi:Adele Lærum Duus, Produsent:Lina Taule Fjørtoft, Produsent assistent:Bekka Vik Erlandsen, Kostyme, plakat og rekvisittdesign:Tora Troe, Kostymesyer:Signe Duus, Manusbidrag:Katrine Lovise Øpstad Fredriksen. Prosjektet er støtta av: Senja Barnefestival, Kulturdirektoratet, Bergen Kommune, Vestland Fylkeskommune, Sparebanken Norge, Bergen Dramatiske Selskap, Proscen, Oluf Bjørneset Fond, Skuespillerforbundet.