page view image

DEN STORE BYGDEFESTEN: DRAGONGIRL m.fl.

Ein magisk kveld i Klokkargarden med bål, dans, matservering og dans !

Informasjon
event image

Tradisjonen tro inviterer vi til storstilt bygdefest laurdagskvelden*.
Kvelden vert fylt av musikalske opplevingar, dans, overraskingar og god mat.

Frå scena spelar folkemusikklaget Havbrusen opp, før bålet tennast på spektakulært vis, og det vert dans utover kvelden. Frå norsk gamaldans, til færyøisk ringdans - og til pulserande techno.

Til å toppe stemninga har vi invitert inn den København-baserte DJ-en og komponisten Dragongirl. Ho er eit særs spennande navn innan klubbmusikk, og har mellom anna spelt på festivalar som ØYA, By:larm og fleire sceneri Europa. Dragongirl jobbar i skjæringspunktet mellom klubbmusikkog scenekunst, og med apokalyptiske suggerande og atmosfæriske tonar kjem ho til å syte for ein varmblodig dansenatt!

Den store bygdefesten vert ein kombo av tradisjonell bygdefest og
velprodusert stadion-festival og alle er velkomne!

Medverkande: Dragongirl, lokale musikarar, Havbrusen, Dekor, DNT, m.fl.

Ungdom under 18 er velkomne i følge med ansvarlege vaksne over 25.

*Fram til 21.30 vert det eit lukka lag for frivillige og festivalartistar. Det vert høve til å kjøpe mat på området heile kvelden.